Vipps #722911
Etter strålande tilbakemeldingar frå tidlegare år, inviterer vi dykk til å bli sponsor for Volda Fellesfyrverkeri nyttårsaftan! 🎇 Med di støtte kan vi lyse opp himmelen og skape ei uforgløymeleg oppleving for store og små. Gå ikkje glipp av denne sjansen til å støtte eit positivt tiltak for Volda!
For å få realisert fellesfyrverkeriet, er vi avhengige av velvilje frå det lokale næringslivet. Alle bedrifter som er med på å støtte dette tiltaket, vil verte tekne med i takkeannonse i Møre og markedsføring på nettsida volda.fellesfyrverkeri.no og Facebooksida Volda Fellesfyrverkeri ( 1300 medlemmar )
Send epost til volda@fellesfyrverkeri.no med ønska beløp, og om de vil ha forfall på faktura i år eller neste år.
På førehand takk!
Hovudsponsor
10 000 kr eks mva og oppover
Stor logo i annonse i Møre
Stor logo på nettsida og Facebook
Sponsor
5000 - 9999 kr eks mva
Logo i annonse i Møre
Logo på nettsida og Facebook
Støttespelar
1000 - 4999 kr eks mva
Namn på bedrift i annonse i Møre
Namn på bedrift på nettsida og Facebook
Med di støtte bidreg du til meir enn berre eit spektakulært fyrverkeri. Du er med på å skape:
Ei tryggare feiring: Profesjonell oppskyting reduserer risikoen for skadar samanlikna med mange private oppskytingar.
Eit sterkare samhald: Fyrverkeriet vert eit samlingspunkt og ei felles oppleving for alle i Volda på nyttårsaftan.
Eit meir miljøvennleg Volda: Eitt stort fellesfyrverkeri er meir skånsamt for miljøet enn mange små, private oppskytingar, sidan det reduserer den totale mengda forureining.
Ei betre oppleving for dyra: Ei konsentrert oppskyting på eit bestemt tidspunkt er mindre stressande for husdyr enn spreidde, private oppskytingar gjennom heile kvelden.
Ei meir tilgjengeleg feiring: Volda Fellesfyrverkeri gjer at alle i lokalsamfunnet, uavhengig av økonomisk evne, kan få oppleve fyrverkeri på nyttårsaftan.
Nettsida:
https://volda.fellesfyrverkeri.no
Facebookgruppa:
Volda Fellesfyrverkeri ( 1300 medlemmar )
Epost: volda@fellesfyrverkeri.no
Tlf: 488 91 377
På førehand takk!
Med venleg helsing
Sverre Osdal